Cxense Display

245 millionar sparte på innkjøp

 

I 2002 bestemte Helse Vest seg for å arbeide systematisk med å redusere kostnadene på innkjøp. Ved å bruke felles regionale innkjøpsprosessar har regionen lykkast i innsparingane som blei sett som mål. Ein felles regional innkjøpsprosess vil seie at helseføretaka går i lag om å kjøpe inn varer eller tenester, og alle sjukehusføretaka er omfatta av avtala.

Helseføretaka i regionen kjøper varer og tenester for rundt 4 milliardar kroner kvart år. Alle kjøp som har ein verdi over 500 000 kroner skal lysast ut på anbodskonkurranse. Av dei regionale anboda som er avslutta i 2008, er det spart inn rundt 14 millionar kroner.

På invasiv hjartekirurgi har innsparinga vore 3,8 millionar kroner og flyreisene for pasientar og tilsette i helseføretaka er reduserte med 2,6 millionar kroner.

For å få til dei store innsparingane har Helse Vest brukt e-handel som verktøy. Det toårige regionale e-handelsprosjektet er no blitt permanent. Elektronisk handel skal bidra til å realisere gevinstane som ligg i dei nye kontraktane.