Cxense Display

80 millionar kroner til oppfølging etter 22.juli

Regjeringa er svært oppteken av at alle får den oppfølginga dei har

behov for. Dette gjeld både etterlatte, overlevande, pårørande,

hjelpemannskap og frivillege, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete

Strøm-Erichsen.

Helsedirektoratet

og fylkesmennene henvender seg no til alle kommunar for å hente inn

informasjon rundt oppfølginga og finne ut om den fungerer

tilfredsstillande.

Helsetenesta må gå langt i å forsikre seg om at alle personar som har

vore utsett for hendingar som kan gi alvorlege traumatiske lidingar

raskt kjem til vurdering hos kompetent helsepersonell, seier helse- og

omsorgsministeren.

Helsedirektoratet

har sett i verk ei rekkje tiltak for å styrke kompetansen på traumer

slik at ein kan sikre ei god oppfølging av ofra for terroren både i

kommunane og i spesialisthelsetenesta.

Skjønnstilskotet

til kommunane vert fordelt til fylkesmennene, som deretter vurderer

kommunene sine behov. Kommunal- og regionaldepartementet og Helse- og

omsorgsdepartementet vil raskt komme attende til fordelinga.

Fleire

pårørande og etterlatte har hatt ekstraordinære utgifter til reiser og

opphald i samband med terrorhandlingane. Det var mange som på kort

varsel måtte reise til Oslo, Utøya og Sundvollen. Terrorhandlingene var

retta mot Noreg som nasjon, og det er derfor urimeleg at pårørande og

etterlatte vert belasta med desse utgiftene.

Det vert

derfor etablert ei tilskotsordning som raskt skal dekke utgifter til

reiser og opphald som pårørande og etterlatte har hatt som følge av

terrorhandlingane. Utgiftene til tilskottsordninga vert anslått å vere

på 12 millionar kroner.

Meirkostnadene

for sjukehusa i Helse Sør-Øst RHF er på til saman 46 millionar kroner.

Størstedelen av desse utgiftene skuldast høgare lønnskostnader som følge

av auka beredskap med ekstra innkalling av mannskap.

Helseføretaka sine kostnader knytt til psykisk helsevern i etterkant av 22.juli er anslått å vere om lag 10 millionar kroner.