Cxense Display

Astrid Eidsvik kåra til årets helseleiar

 Prisen vart delt ut på den årlege Lederkonferansen i Oslo Kongressenter med nærare 500 helseleiarar tilstades.
NSH si grunngjeving
Helse Sunnmøre HF er organisert under Helse Midt-Norge RHF, verksemda er fordelt mellom Ålesund og Volda sjukehus, to rehabiliteringsinstitusjonar, tre distriktspsykiatriske sentra, ambulanse og nødmeldetjeneste. Det er stor geografisk spreiing av institusjonane i føretaket. Føretaket har omlag 2500 tilsette. Føretaket har ein flat leiarstruktur med 21 avdelingssjefar i linje rett under administrerande direktør. Administrasjonen er lokalisert i Ålesund.

Utfordringa for dagens sjukehusleiarar er å skape balanse mellom etterspørsel etter helsetenester på den eine sida, og kunnskapsbedriftas ressursar på den andre sida. Her lykkes Astrid grunna i at ho arbeider tett inn på fagmiljøa som er sjukehuset si kjerneverksemd. Ho har ein god dialog mellom seg/administrasjonen og fag, og byggjer bru mellom funksjonar og profesjonar. Astrid er ein truverdig leiar fordi hun tilegnar seg kunnskap om dei ulike avdelingane. Ho skaper tillit ved sin oppriktigheit og anerkjennelse i møtet med tilsette. Hun taklar utfordringa med å være leiar i ein sektor med store omstillingar og ditto krav til måloppnåing.

Astrid Eidsvik leiar Helse Sunnmøre i eit framtidsretta samfunnsperspektiv. I perioden Astrid har vore direktør, har Helse Sunnmøre vekst med nye oppgåver og nye bygg. Det er bygd ny psykiatrisk avdeling, kreftavdeling, barne- og vaksenpsykiatrisk avdeling, pasienthotell og sist i år ny alderspsykiatrisk avdeling.