Cxense Display

Aukande tillit til sjukehusa

– Det er gledeleg å sjå at resultatet er betydeleg betre enn ved førre måling, som var i 2007. Utviklinga har gått i rett retning på alle indikatorar, bortsett frå to. Vi ser dermed ein stigande tillit, både til det regionale føretaket og til helseføretaka, seier Bjørg Sandal, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest.
Dei mest kritiske røystene finn ein i fylkestinga i dei tre fylkeskommunane, mens embetsverket i fylkeskommunane, styra i helseføretaka og i det regionale føretaket og tillitsvalde ga dei mest positive tilbakemeldingane.
Svarprosenten var på 44,8 prosent. Undersøkinga vart gjennomført i november 2008