Cxense Display

Fem stjerner til rikshospitalet.no

Kvalitetskriteria til noreg.no har det siste halvtanna året vore ei sentral rettesnor for arbeidet med dei nye nettsidene til sjukehuset. Det har vore hardt arbeid og tett dialog mellom Informasjonsavdeling, IT-avdeling og utviklarar i e-vita for å sikre eit best mogleg resultat.
Kvalitetsvurderinga gir samstundes ein god peikepinn på kva nettsidene må bli betre på til neste år.
Det er Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) som no står for denne årlege kvalitetsvurderinga av nær 700 statlege og kommunale nettstader, der kvaliteten på nettstadene blir premiert med inntil seks stjerner.
Kvalitetsvurderinga set særleg fokus på problemstillingar og område som offentlege forvaltningsorgan og nettstader har eit særleg ansvar for å følge opp, mellom anna tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.
Resultatet frå årets vurdering viser at kvaliteten på offentlege nettstader det siste året. Nærmare 100 nettstader oppnår i år fem eller seks stjerner, mot 44 i 2007.