Cxense Display

Forbod mot synleg oppstilling av tobakk reduserer truleg røyking

Samla sett gjev funna i evalueringa ein grunn til å tru at forbodet mot synleg oppstilling har hatt ein effekt på omfanget av røyking i Noreg. Forbodet inngår saman med dei andre verksame strukturelle verkemidla og styrkjer dermed arbeidet mot tobakksrøyking, seier avdelingsdirektør Anne Hafstad i Helsedirektoratet.
Evalueringa syner at ordninga er gjennomført tilfredsstillande grad hjå meir enn 90 prosent av utsalsstadene. Ordninga er kome på plass utan større praktiske problem og utfordringar for utsalsstadane. Det som står att som ei utfordring er at mange av utsalsstadene har merka skapa med spesielt stor skrift med TOBAKK og SNUS.
Forbodet har tilslutning i befolkninga
Evalueringa syner at ordninga har legitimitet i befolkninga. Også blant personar som røykjer er det eit fleirtal for denne.
Intensjonane med lova er å førebyggje røykjestart blant ungdom, gjera det lettare å halde seg røykfrie for dei som prøver å slutte og å de-normalisere tobakksvarer.
I same periode som forbodet mot synleg oppstilling av tobakksvarer vart innført, har ein sett fleire positive endringar omkring røyking. Fyrst og fremst at nedgangen i salet av sigarettar og rulletobakk var større frå 2009 til 2010 enn det var frå 2008 til 2009. Dernest at færre ungdomar røykjer dagleg.
Ein kan ikkje seie sikkert at nedgangen i salet av sigarettar/rulletobakk og ungdomsrøyking skuldast innføringa av forbodet mot synleg oppstilling. Samstundes har det skjedd endringar på dei områda ein gjerne ville at det skulle skje endringar, seier Hafstad.
Evalueringa baserer seg på data frå SSB sine røykjevaneundersøkingar, fokusgruppeintervju, etnografistudie frå butikk og kiosk, nettbaserte undersøkingar på tre tidspunkt, undersøking om butikkane si tilpassing (351 butikkar), scannerdata frå butikk som syner sal til forbrukar, salstal frå importør til detaljist frå Toll- og avgiftsdirektoratet og grensehandelsundersøkingar.