Cxense Display

Fordeling av strategiske midlar for 2010

Vedtaket er ein del av tildelingane av strategiske midlar som tidlegare er vedteke for utbyggingsprosjekt i private ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest RHF, og byggjer på ein tidlegare styresak i Helse Vest frå mai 2008.

To nye klinikkar

For Stiftelsen Betanien skal endeleg tildeling regulerast i avtale. Stiftelsen Betanien har tidlegare motteke 21 millionar kroner som delfinansiering av ny psykiatrisk poliklinikk, og dei 9 millionane det no er vedteke å tildele, skal brukast til nytt poliklinikkbygg. Bygginga av ny poliklinikk er allereie sett i gang for stiftelsens eigen risiko.

Nytt bygg og rehabilitering av gammalt bygg

For Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS) er det vedteke ei årleg fordeling på  15,75 millionar kroner. Midlane skal brukast tilNye Haraldsplass?. Totalkostnadene på utbyggingsprosjektet er på 776,6 millionar kroner.

For Haugesund Sanitetesforenings Revmatismesykehus (HSR) er det vedteke ei årleg fordeling på 5,25 millionar kroner som skal brukast til rehabilitering av eksisterande bygningsmasse. Totalkostnadene for HSR er på 166 millionar kroner.

Utbetaling av kapitaltilskot til HDS og HSR vil først vere aktuelt når prosjekteringa er ferdigstilt og bygginga sett i gang. Det endelege konseptet som dannar grunnlaget for utbygginga skal bli lagt fram for Helse Vest.

Prosjekta må godkjennast av Helse Vest

Helse Vest tek atterhald med omsyn til at prosjekta skal vere fagleg gode og føresetnadene for prosjekta ikkje blir endra. I tillegg må det for kvart prosjekt liggje føre ei samla finansieringsløysing som er realistisk, og det må vere utarbeidd ein heilskapleg finansieringsplan som viser at prosjektet lèt seg gjennomføre og at utgiftene kan handterast innanfor forventa inntektsramme for institusjonen.

Endeleg tildeling for HSR og HDS vil bli behandla som eiga sak. Då vil det også bli bestemt for kor mange år utbetalinga skal gjelde.

Seks institusjonar søkte i 2008 Helse Vest RHF om midlar til utbyggingsprosjekt. Alle prosjekta er vurderte som sentrale i ivaretakinga av Helse Vest sittsørgje-for-ansvar?, og som viktige for dei tenestene kvar institusjon skal levere etter avtale med Helse Vest. Tidlegare er Jæren DPS, Voss DPS og Stiftelsen Betanien blitt tildelt strategiske midlar frå Helse Vest.