Cxense Display

Haukeland sjukehus er miljøsertifisert

Det er gledeleg at Haukeland no har kome så langt i

miljøsatsinga at sertifiseringa er på plass. Dette er ei stor satsing på

miljøet, og det er viktig at dei store sjukehusa viser vegen for dei andre.

Haukeland har vore pilotsjukehus for den store miljøsatsinga "Grønt

sjukehus" og er eit godt eksempel på at det nyttar å tenke annleis på

måten vi gjer jobben vår, seier Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest og

leiar for det nasjonale prosjektet Grønt Sjukehus.

Det blir gjort eit formidabelt arbeid i sjukehusa over

heile landet og vi håper at alle sjukehusa om få år vil bli miljøsertifisert,

seier Eriksen.

Vi må tenke på miljøet heile tida.

Sertifikatet er eit synleg bevis på at vi som ein viktig

samfunnsaktør tar vårt ansvar for miljøet på alvor. Det har vore krevande

arbeid, men med god innsats frå organisasjonen har vi greid å fylle dei krava

som er sett for å få dette beviset på miljøarbeidet vårt. Men det er viktig at

vi held trykket. Miljøarbeid er ikkje noko som vi gjer ein gong for alle, vi må

heile tida ha med oss miljøperspektivet i alt vi gjer, seier administrerande

direktør Stener Kvinnsland ved Haukeland universitetssjkehus.