Cxense Display

Helse Sør-Øst skal kjøpe fleire MR-undersøkingar

Radiologiundersøkingar vert utførte både gjennom eigne sjukehus og

ved at regionane kjøper polikliniske tenester frå private tilbydarar.

Både regionalt og nasjonalt har det den siste tida vore ein auke i talet

på henvisningar til radiologiske undersøkingar i helsetenesta.

-Vi har styrkt sjukehusa økonomisk i 2013 slik at dei har moglegheit

til å kjøpe fleire undersøkingar når det er behov for å auke

kapasiteten, sier Støre.

Helse Sør-Øst si avtaleutviding svarar til kjøp for om lag 20

millionar kroner, og vil bli gjennomført så raskt det lèt seg gjere.

I forrige veke sa helse- og omsorgsministeren at regjeringa vil auke

løyvingane til poliklinisk radiologi i statsbudsjettet for 2014 slik at

kapasiteten vert auka. Frå 1. januar 2014 skal også private radiologiske

institutt inngå i ordninga med fritt sjukehusval. Det vil seie at ein

fritt kan velje røntgeninstitutt, på same måte som ein i dag kan velje

sjukehus.