Helse Vest etablerer behandlingssenter i kvart helseføretak
Auka pasientstraum
Fram til i år var det private aktørar som, gjennom avtale med Helse Vest, følgde opp desse pasientane. I 2009 tok Helse Stavanger og Helse Fonna over ansvaret frå Frelsesarmeen for pasientar busett i Rogaland. Erfaringane frå etableringa av LAR-sentra i tilknyting til Helse Stavanger og Helse Fonna er positive, og helseføretaka har i dag brei spesialkompetanse innan fagfeltet.
For pasientar busett i Sogn og Fjordane og Hordaland, er det Stiftelsen Bergensklinikkene som har ansvaret for dette tilbodet.
– Stiftelsen Bergensklinikkene har utført oppdraget på ein god måte. Ny LAR-forskrift trer i kraft 1. januar 2010 medan dei nye nasjonale LAR-retningslinjene kjem 1. februar 2010. Desse legg sterke føringar for framtidig organisering av tenesta. I høyringsnotata går det fram at denne tenesta i større grad bør bli ein integrert del av spesialisthelsetenesta, seier Nilsen.
Nye LAR-senter i drift frå 2011
Driftsavtala med Stiftelsen Bergensklinikkene går fram til 2011. I Helse Bergen og Helse Førde vil LAR då bli ein integrert del av den tverrfaglege spesialiserte tenesta i føretaka. Helse Fonna planlegg å ta over dei resterande pasientane i sitt føretaksområde (pasientar busett i Hordaland) allereie i løpet av våren 2010.
Dei tilsette i Stiftelsen Bergensklinikkene vil få tilbod om tilsvarande stillingar i Helse Bergen, i tråd med reglane i arbeidsmiljølova om verksemdsoverdraging.
– Det er viktig å sikre eit trygt og stabilt behandlingstilbod for pasientar i LAR. Pasientane er oftast i behandling over lang tid, og ved å sette tenesta ut på konkurranse, risikerer ein gjentakne brot på behandlingsrelasjonar, noko som er svært uheldig. Vi meiner derfor at vedtaket vil sikre at pasientane i LAR over tid opplever auka tryggleik og stabilitet i behandlinga, seier Nilsen.