Cxense Display

Ja til andre byggetrinn av det nye Barne- og ungdomssjukehuset

– Dette var den siste og avgjerande milepælen. Med dette blir draumen om det nye Barne- og ungdomssjukehuset til verkelegheit. Det er først og fremst ei fantastisk god nyheit for både pasientar og medarbeidarar ved Haukeland universitetssjukehus, men også for Bergen by og heile regionen, seier ein glad administrerande direktør Anne Sissel Faugstad.

Eit komplett sjukehustilbod til målgruppa

– Det at vi i framtida får føde- og barseleininga ved Kvinneklinikken i same lokale som eininga for nyfødde ved Barneklinikken er svært positivt for dei det gjeld, premature born og deira pårørande, seier Faugstad.

Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Her skal ein samle all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk. Grunntanken er at «eksperten skal komme til barnet». Det vil seie at barna og ungdommen skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad. Det nye Barne- og ungdomssjukehuset vil blant anna innehalde sengepostar, poliklinikkrom, operasjonssalar, røntgenavdeling, intensiveining og mottak. Det vil gi eit komplett sjukehustilbod til målgruppa.

Første byggetrinn

Barne- og ungdomssjukehuset har vore under planlegging på Haukeland heilt sidan slutten av 1990-talet. I 2011 gikk endelig startskotet for første byggetrinn som skal stå ferdig i 2016. Dei første som tar plass i det nye bygget er Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Habiliteringstenesta for barn og unge og Energisenteret for barn og unge. Klinikk for psykosomatisk medisin flyttar også inn i det nye bygget, men berre mellombels medan ein ventar på at areal i andre bygningar blir frigjort. I tillegg skal Barneklinikken inn med ein poliklinikk. Inn i bygget skal også Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen.

Byggetrinn to

Under trinn to av byggeprosjektet skal bygga som i dag husar Barneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge rivast. Barneklinikken flyttar mellombels inn i eit avlastningsbygg kalla «Marie Joys´ hus» (tidlegare kalla «Sengebygg sør), til det nye bygget står ferdig. Når byggetrinn to er ferdig ved årsskiftet 2022/2023, flyttar Barneklinikken og Barnekirurgisk post inn. Samtidig flyttar også Fødeavdelinga frå Kvinneklinikken inn i det nye bygget.

Utanom bygginga av Sentralblokka, er bygginga av det nye sjukehuset det største prosjektet på Haukeland nokon sinne. Arealet til det nye sjukehuset vil være omlag 79 000 kvadratmeter når alt er ferdig (trinn ein: omlag 29 000 kvadratmeter, trinn to: omlag 50 000 kvadratmeter). Samla reknar ein med investeringskostnadar på om lag 5 milliardar kroner.