Cxense Display

Kø ved private ultralydskjermar

Alle norske gravide får offentleg tilbod om ultralyd kring veke 18. Dersom dei vil ha fosteret fotografert tidlegare i det offentlege helsestellet, treng dei ein medisinsk grunn. Blødingar kan vere eit varsel om at noko er gale. I den politiske dragkampen i Stortinget i 2003 vart medisinske vilkår strekt så langt som til å kjenne uro.
No pressar fagfolk på for å få innført ultralyd til alle kring veke tolv. Men i ly av den politiske debatten, aukar pågangen av kvinner som kjøper seg privat ultralyd.
Pågang. Blant alle butikkane i kjøpesenteret Oslo City tilbyr Oslo City Legecenter også ultralyd. Lege Peter Molnar fører ingen statistikk over kor mange som kjem og kva dei kjem for.
Men størst har pågangen vore av kvinner som har budd i utlandet eller har europeisk bakgrunn: Dei er vane med at alle gravide har dette tilbodet. Men også fleire og fleire med rein norsk bakgrunn kjem, ifølgje Molnar.
Han undersøkjer foster mellom seks og 40 veker gamle og folk kjem for ulike føremål på ulike tider. Pris: 1.200 kroner.
Vi kan finne ut kor langt svangerskapet er komme. Somme vil vite om fosteret er friskt. Somme har mistanke om at noko er gale, seier Molnar.
Fleire vil berre sjå barnet på 3D tredimensjonal ultralyd.