Cxense Display

Legemiddelbehandling i sjukeheimar gjev grunn til uro

Ved 51 av tilsyna blei det påvist avvik, det vil seie at aktuelle lovkrav ikkje var oppfylte. I hovudsak handla avvika om manglar ved tilrettelegginga av legetenesta, gjennomføringa av legemiddelbehandlinga og pasientjournalsystemet:

– uklare ansvarstilhøve rundt legetenesta ved sjukeheimen

– for lite tid for legen til å gå gjennom legemiddelbehandlinga av pasienten på ein god nok
  måte

– for lite tid og kompetanse hos pleiepersonellet til å følgje opp legemiddelbehandlinga når
  legen var fråverande

– uklart korleis lege og pleiepersonell skulle samarbeide om legemiddelbehandlinga, og korleis

pleiepersonellet skulle observere og rapportere om verknader og biverknader av legemidla

– uklart kvar ein kunne finne viktige opplysningar i kombinerte elektroniske og papirbaserte journalar

– mangelfull journalføring av nødvendige og relevante opplysningar om legemiddelbehandlinga

– separat elektronisk journalsystem for sjukeheimslegen utan lesetilgang for anna helsepersonell

Manglande oversikt over risiko
Ved mange sjukeheimar hadde ikkje leiinga skaffa seg oversikt over aktuelle risikofaktorar knytte til legemiddelbehandlinga utover det som gjaldt det å gjere i stand og dele ut legemiddel (legemiddelhandtering).

Pasienttryggleiken er truga
Styringssvikt kan føre til at legemiddelbehandlinga av skrøpelege sjukeheimspasientar ikkje blir godt nok sikra. Når det i same sjukeheimen ligg føre vesentlege manglar ved legetenesta, og det heller ikkje er lagt til rette for at pleiepersonellet kan få følgt opp legemiddelbehandlinga godt nok, er det grunn til alvorleg uro for pasienttryggleiken.

Tilsynet har også påvist alvorleg svikt i journalsystema ved mange sjukeheimar og i kvaliteten på journalføringa. Viktige opplysningar kan følgjeleg mangle når for eksempel vikarlegar eller tilkalla legevakt skal vurdere pasienten og ta avgjerder om den vidare legemiddelbehandlinga, eller om informasjon om legemiddelbehandlinga skal formidlast ved sjukehusinnleggingar.

Mangel på personell og fagkompetanse
Funna stadfestar også at det er eit betydeleg mishøve mellom det som trengst av faglege ressursar og personellressursar, og dei faktiske tilhøva i mange sjukeheimar. Tilstrekkelege legeressursar er ein kritisk faktor for å sikre at pasientane får nødvendig og rett legemiddelbehandling.

Trygg legemiddelbehandling i sjukeheimar føreset også at pleiepersonellet har nok tid og fagleg kompetanse til å følgje med på behandlinga av pasienten når legen ikkje er der, og dei må kunne rapportere om verknader og moglege biverknader av legemiddelbehandlinga.

Ein jobb å gjere i mange kommunar og sjukeheimar
Med samhandlingsreforma aukar sannsynlegvis også omfanget av pasientar med krevjande legemiddelbehandling i sjukeheimane. Krava til kommune og sjukeheimar blir følgjeleg sett på strekk.

Kommunane må sjå til at dei tilhøva som er påviste ved dette tilsynet, ikkje får vare ved. Dei må no;

– sjå til at legetenesta ved sjukeheimen er tilstrekkeleg dimensjonert og organisert på ein  formålstenleg måte i høve til oppgåvene som skal gjerast

– sjå til at legemiddelbehandlinga kan gjennomførast på ein trygg måte

– sørgje for eit velfungerande journalsystem