Cxense Display

Må ta grep for å sikre kompetanse i helseføretaka

– I løpet av dei neste ti åra vil 9.000 medarbeidarar

gå av med pensjon. I tillegg til å erstatte desse treng vi vikarar og studentar.

Gjennom Helse2020-strategien tok Helse Vest høgde for at ein treng 50.000 nye

hender dei neste ti åra.

Ferske tal viser altså at vi har ei enda større

utfordring. Skal vi greie å dekke behovet for nye medarbeidarar i

helseføretaka, må vi leggje til rette for at dette framleis blir attraktive

arbeidsplassar, seier Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest.

Ein framtidsretta og

attraktiv kompetanseorganisasjon

For å sikre kompetente medarbeidarar til alle oppgåvene i

alle føretaka, har styret vedteke at føretaksgruppa må etablere handlingsplanar

med tiltak.

– Dette er prosessar som krev samhandling mellom

leiinga, tillitsvalde, vernetenesta, høgskolar og universitet. Vi treng

målretta tiltak for å sikre at vi er attraktive arbeidsgivarar slik at for eksempel

dei eldste medarbeidarane vel å stå i arbeid så lenge som mogleg. Samtidig må

vi gjere dei unge merksame på mangfaldet av jobbmoglegheiter i helseføretaka,

seier Nilsen.

Rekruttering

og kompetanseutvikling

Medarbeidar- og kompetanseutvikling vil vere sentrale

tiltaksområde for både å tiltrekkje seg arbeidskraft, halde på medarbeidarane

og utvikle arbeidskrafta i tråd med dei behova tenesta krev.

35 prosent av

medarbeidarane i føretaksgruppa er over 50 år. Det betyr at det er mange svært

erfarne medarbeidarar som sluttar dei kommande åra.

– Føretaksgruppa har

gjort mykje når det gjeld kompetanseheving. Eksempel er MOT-prosjektet

(medarbeidar, organisasjon og teknologi) og etablering av e-læringsportalen.

Dette arbeidet må styrkjast og vidareutviklast dersom vi skal greie å knytte

til oss den kompetansen det vil vere behov for i føretaka i åra som kjem, seier

Nilsen.