Cxense Display

Meir presis behandling av hjernen

Den nye gammakniven er eit resultat av at Haukeland universitetssjukehus i fjor fekk ei stor pengegåve frå Trond Mohn. Gammakniven vart installert like før jul, og avløyser den gamle som har vore i drift sidan 1988.
Den nye modellen gir både pasientar og personale mange fordelar. Blant anna er den meir presis, som igjen gjer det lettare å skjerme normalt vev og fører til mindre stråledosar, seier klinikksjef Haldor Slettebø ved Nevrokirurgisk avdeling.

I tillegg blir det større komfort for pasientane.

Den nye gammakniven sin presisjon gjer òg at fleire delar av hjernen kan behandlast, og dermed fleire tilstandar. Den gjer det òg lettare å behandle fleire svulstar om gongen. Dette kjem pasientar frå heile landet til gode, då Haukeland har landsfunksjon på behandling av svulstar eller blodåremisdanningar med gammastråling (gammakniven). Seksjonen behandlar om lag 300 pasientar i året.