Cxense Display

Mykkje å vinne i kampen mot tobakk

Det er Helsedirektoratet som har laga rapporten som viser dei  samfunnsøkonomiske kostnadene ved røyking. Den viser at kostnader knytta til helsevesenet og produksjonstap grunna auka sjukeligheit og tidleg død er på rundt åtte milliardar kroner i året. Om ein i tillegg reknar med tapte leveår og tapt livskvalitet vert kostnaden rundt 80 milliarder kroner årleg, ifølge rapporten. 
Helsedirektoratet sin rapport viser også at ein kan spare to til tre milliardar kroner for kvart prosentpoeng andelen røykarar går ned.
– Det viktigaste med arbeidet mot tobakk er ikkje å spare pengar, men å unngå sjukdom og tidleg død. Eg er spesielt oppteken av å hindre at ungdom begynner å røyke. 

Å beskytte barn og unge mot røyk er svært viktig for meg, seier helse- og omsorgsministeren.

Rapporten om samfunnsøkonomiske kostnader ved røyking vil vere ein del av grunnlaget for regjeringa sin nye nasjonale tobakksstrategi, som vert lagt fram til våren.
– På lang sikt har eg en visjon om ei framtid utan tobakk, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.