Cxense Display

’Næringslivet er ein del av løysinga.’

”Vi er heilt avhengige av at kommunar og sjukehus jobbar saman med næringslivet for å fornye eldreomsorgen og skape framtidas helse- og omsorgstenester. Næringslivet er ein del av løysinga.”

Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie møtte aktørar frå næringslivet, verkemiddelapparatet og helsesektoren. (Foto: NFD/Martine Røiseland)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og næringsminister Monica Mæland fekk fleire innspel til den nye stortingsmeldinga om helsenæringa.

– Vi fekk mange gode råd om korleis vi kan utvikle framtidas helsenæring. Det er viktig for oss å ha god dialog med aktørane i dette arbeidet, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Stortingsmeldinga om helsenæringa

Fredag 11. august samla Høie og Mæland eit knippe sentrale aktørar frå næringsliv, offentleg sektor og verkemiddelapparat i Forskningsparken i Oslo.  Møtet handla om stortingsmeldinga om helsenæringa, som regjeringa jobbar med.

Vi lever lenger, sjukdomsbildet endrar seg og vi forventar rask og god behandling. Det utfordrar den offentlege helse- og omsorgstenesten. Samtidig er norsk økonomi i omstilling og næringslivet treng fleire bein å stå på.

– Helsenæringa gir dobbel gevinst. Næringa bidrar til velferd og helse, og skaper verdiar og arbeidsplasser. Vi er heilt avhengige av at kommunar og sjukehus jobbar saman med næringslivet for å fornye eldreomsorgen og skape framtidas helse- og omsorgstenester. Næringslivet er ein del av løysinga, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Ei sentral føring for meldinga vil være at gode helsetenester og velferd, og næringsutvikling og verdiskaping, heng saman.

Store mogelegheiter for næringslivet

– Framtidas helse- og omsorgstenester vil gi store mogelegheiter for næringslivet. Vi har kompetansemiljø i verdsklasse og det investerast store summar i forsking innan helse og omsorg. Det er viktig at dette også fører til kommersialisering og verdiskaping, seier næringsminister Monica Mæland.

(Pressemelding frå NFD)