Cxense Display

Noreg og Russland fornyar helsesamarbeidet

 

Noreg og Russland har hatt eit formalisert bilateralt helsesamarbeid sidan 1994. Dette rammeverket har vist seg å vere ein nyttig overbygning for dei omfattande norsk-russiske helseprosjekta Noreg har støtta gjennom Barents-midlane.
– Gjennom mange år har det blitt utvikla eit breitt og godt samarbeid mellom norske og russiske helseinstitusjonar, både lokalt, regionalt og med bistand frå frivillige organisasjonar, seier Bjarne Håkon Hanssen.  Eg er glad at vi dei siste åra har styrka den politiske dimensjonen ved samarbeidet vårt, noko signeringa i dag er eit uttrykk for.
Helse- og omsorgsdepartementet disponerer på vegne av Utanriksdepartementet om lag 17 millionar kroner årleg til samarbeidet med Nordvest-Russland. Dei norske midlane skal bidra til nettverksbygging og kompetansespreiing innan helse- og sosialområdet. Blant områda som er prioritert, er smittsame sjukdommar, førebygging og primærhelse. Oppbygginga av eit folkehelsestudium i Arkhangelsk er blant dei konkrete resultata av den norske innsatsen.
Eit område som har fått auka merksemd dei seinare åra er utsette barn og unge, noko som framleis vil ha ein høg prioritet dei neste åra.
Signeringa fann stad i Genève, der Hanssen deltek på Verdas helseforsamling, årsmøtet til Verdas helseorganisasjon.