Cxense Display

Ny felles elektronisk pasientjournal i Helse Bergen

– Vi ser i

oppstarten at dei tilsette har vist stor forståing og tålmod, mange har støtt

på større og mindre utfordringar med det nye journalsystemet. Men sett i lys av

det kolossale løftet det har vore å skifte system, er det ikke fleire problem

enn vi måtte vente i eit så omfattande og gjennomgripande prosjekt , seier

administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland.

Løysinga har samhandling til

19 andre system, så det vil vere naturleg at enkelte brukarar vil møte nokre problem

i den første tida.

– Prosjektet har teke høgde

for handtering av desse. Det er etablert eit eige beredskapsrom, og det er 80

personar til å hjelpe brukarane med å ta i bruk den nye løysinga, seier

Kvinnsland.

All overgang er krevjande

Overgangen blei

gjennomført presis klokka 8.00 måndag 26. april. I løpet av første arbeidsdag

var cirka 3 400 unike brukarar pålogga.

– Sjølv om innføringa så langt

har vore rimeleg vellukka, er dette ein krevjande periode for alle involverte

partar. Det vil vere utfordringar med å ta i bruk den nye løysinga, og ikkje

minst for dei tilsette å bli fortrulege med bruken. Dette er noko prosjektet no

har fokus på, fortel Henning Hytten, prosjektleiar for innføringsprosjektet.

Samarbeidsprosjekt

Prosjektet er

gjennomført i tett samarbeid mellom Felles elektronisk

pasientjournal-programmet i Helse Vest, helseføretaka, dei private ideelle

institusjonane, Helse Vest IKT og DIPS. Programmet starta med innføringa

av Felles elektronisk pasientjournal i Stavanger november 2008. I 2011 er det

Helse Førde og Helse Fonna som står for tur.