Cxense Display

Nye antikoagulantar hos pasientar med atrieflimmer

Dei nye legemidla skal jamførast med warfarin og med

kvarandre.

Atrieflimmer er ei rytmeforstyrring i hjartet. Grunna

uregelmessige elektriske impulsar trekkjer

forkammera og hjartekammera seg ikkje saman synkront slik dei skal

gjere. Det gjev ujamn flyt av blod og auka risiko for danning av blodproppar.

Blodproppane kan bli førte med blodstraumen og vere årsak

til hjerneslag eller systemisk emboli andre plassar i kroppen.

– Warfarin har vore det vanlegaste legemiddelet for å

behandle pasientar med atrieflimmer, men det har nokre uheldige biverknader, og

pasientane må følgjast opp ofte. Ved behandling med nye blodfortynnande middel

er det ikkje det same behovet for oppfølging, og det er derfor interessant å

jamføre desse med warfarin, seier prosjektleiar Torbjørn Wisløff ved

Kunnskapssenteret.