Cxense Display

Overestimert risiko for spontanabort knytt til alder

Studien bekreftar auka risiko for spontanabort for kvinner over 35 år, men risikotala for spontanabort hos kvinner yngre enn 21 år og eldre enn 35 har tidlegare vore overestimerte. Eit anna viktig funn er at i aldersgruppa 30-40 år fødde omtrent halvparten av dei som hadde spontanabort også eit barn i løpet av dei tre åra studien varte. Det viser at sjansen for å lukkast med å få eit barn i denne aldersgruppa er stor sjølv etter ein spontanabort, seier overlege og seniorforskar Anne Eskild ved Divisjon for psykisk helse, Folkehelseinstituttet.
Resultata frå studien viser at blant gravide var det kvinner yngre enn 25 år eller eldre enn 45 år som oftast tok abort. Meir enn 70 prosent av kvinnene under 20 år valde å avbryte svangerskapet. I aldersgruppene 20-24 år og 45-49 år tok om lag 50 prosent av kvinnene abort.
I aldersgruppa under 20 år fall risikoen for spontanabort frå nærare 23 prosent til 6,4 prosent når ein justerte for framkalla abortar. I dei eldste aldersgruppene med kvinner frå 40-44 år og 45-49 år, fall risikoen for spontanabort tilsvarande frå høvesvis 30 til 22 prosent og 57 til 41 prosent.
Om studien
Studien er basert på kopling mellom sjukehusjournalar og data om alder og fødslar frå Folkeregisteret. Alle kvinner i Oslo i alderen 15-49 år som var gravide i perioden 2000-2002 blei inkluderte i studien, totalt i underkant av 28.000 kvinner.

Studien har sett på tal for spontantabortar, provoserte abortar og fødslar i ulike aldersgrupper og bereknar risiko for spontanabort med og utan justering for førekomst av provoserte abortar i dei ulike aldersgruppene.