Cxense Display

Pliktmessig avhald for helsepersonell

Statens helsetilsyn har

uttrykt bekymring for at eit aukande antal tilsette i helsesektoren får kalt

attende autorisasjonen sin på grunn av rusmisbruk. Berre i 2009 mista 66

tilsette i helsevesenet autorisasjonen sin på grunn av rusmisbruk.

Av desse var

38 sjukepleiarar og 10 legar.

Vi er opptekne av at

pasientane skal ha tryggleik for at dei får best mogeleg oppfølging når dei

kontaktar helsevesenet. Då seier det seg sjølv at vi ikkje kan risikere

feilbehandling fordi tilsette er påverka av rusmidlar, seier Strøm-Erichsen.

Forslaget inneber også at

ein kan pålegge prøvetaking ved mistanke om rusmisbruk, og framstilling for

prøvetaking ved politiet si hjelp dersom helsepersonell nektar å avlegge

prøvar.

Eg ser at enkelte tilsette

kan oppleve eit slikt krav som krenkande, men her må pasientsikkerheten komme

fyrst. Det skulle berre mangle at dei same reglane som gjeld for tilsette i

andre sektorar som flytrafikk og jernbane ikkje skal gjelde for personar som

skal kunne redde liv, seier helse- og omsorgsministeren.

Høyringsnotatet er sendt til

alle verksemder i helsetenesten, alle arbeidstakarorganisasjonar som

organiserer helsepersonell, pasientorganisasjonar, alle kommunar,

fylkeskommunar og fylkesmenn, departement og direktorat, politi og andre.

Høyringsfristen er 15. september 2010.