Cxense Display

Rapport om tvangstiltak overfor personar med psykisk utviklingshemming

Rapporten gjev innsikt i dei tvangstiltaka som er i bruk overfor personer med psykisk utviklingshemning. Den viser samstundes at fagområdet er komplisert og at det er betydelige problem knytta til å handtere regelverket om tvangstiltak overfor denne gruppa.
Nesten alle vedtak om tvang og makt som vert fatta av kommunen og som vert overprøvd av fylkesmennene, vert godkjende. Kommunar som søker om dispensasjon frå utdanningskravet får i all hovedsak søknaden innvilga.
Undersøkinga viser at flere tiltak som kommunane ønskjer å iverksetje eller vidareføre, kan klassifiserast innan ulike lovheimler. Kommunane opplever arbeidet med klassifisering og kategorisering av vedtak som utfordrande.
Fylkesmennene legg vekt på at det er viktig med kompetanse hos tenesteytarane, men også det å vere personleg eigna og ha røynsle frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming. Resultata tyder på at kommunane står overfor utfordringar når det gjeld å rekruttere personell med ønska fagutdanning.
Undersøkinga viser også at det er merksemd i kommunene om å finne fram til mindre inngripande tiltak og andre løysingar enn bruk av tvang og makt, eit punkt som det vert lagd vekt på i overprøvingsvedtaka frå Fylkesmannen.