Cxense Display

Revidert nasjonalbudsjett 2013 – 10 millionar kroner til prostatasenter

– Prostatasentera vil kunne gi pasientar med symptom på

prostatakreft ei rask avklaring av diagnose og god informasjon om vidare

oppfølging og behandling, og setje pasienten i stand til å ta informerte val,

seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.

Prostatakreft er på fleire måtar ei særleg utfordring innan

diagnostikk og val av behandling, og skil seg frå mange andre kreftformer ved

at ikkje alle pasientar har behov for behandling med ein gong. Det manglar

pålitelege metodar som kan skilje mellom dei som vil ha nytte av behandling frå

dei som har like gode leveutsikter utan behandling. Dette er viktig fordi både

kirurgisk behandling, strålebehandling og medikamentell behandling kan ha

alvorlege biverknader.

– Behandlingsval krev nøyaktig diagnostikk og godt samarbeid

mellom pasient og lege. Det er ein av grunnane til at regjeringa ønskjer å

opprette fire slike senter, seier Jonas Gahr Støre.

I 2010 fekk 4210 menn diagnosen. Sjølv om det er utarbeidd

nasjonale retningsliner, varierer utreiing og behandling betydeleg. Det er

fleire døme på at det går for lang tid frå mistanken om prostatakreft oppstår

til det er klarlagt om det er behov for behandling og i så fall kva for

behandling ein skal gi. Symptoma ved prostatakreft er ikkje eintydige, og det er

derfor viktig å oppsøkje lege ved symptom på sjukdom.

Løyvinga på 10 millionar kroner vil bli fordelt på fire

millionar kroner til Helse Sør-Øst, og to millionar kroner kvar til dei tre

andre regionale helseføretaka.