Cxense Display

Samhandling om kronisk sjuke

Vi

oppsummerar studium som undersøkjer effekt av samhandling mellom

sjukehus og kommunehelsetenesta i samband med utskriving av pasientar

med kronisk sjukdom. Studium av pasientar med alle typar kroniske

sjukdommar er aktuelle, seier seniorforskar og prosjektleiar Hilde H.

Holte ved Kunnskapssenteret.

Tiltak for samhandling

Samhandlingstiltaka

kan vere av administrativ art, eller knytt til behandling eller

opplæring. Mål for utfall kan vere pasienten sin livskvalitet og

oppleving av kvaliteten på behandlinga, eller vere knytt til sjukehuset

eller kommunehelsetenesta si bruk av ressursar, samhandlingskvalitet,

kompetanseutvikling eller gjeninnlegging.

Dokumentert samhandling

For å bli inkludert i prosjektet, må tiltaket dokumentere korleis samhandling skjedde.

– Vi vil

inkludere studium kor minst ein representant for sjukehuset samhandlar

med minst ein representant for kommunehelsetenesta. Det kan også være

avdelingar eller større einingar som deltar i samhandlingstiltaket,

avsluttar Holte.

Oversikta er bestilt av Diakonhjemmet sykehus, og skal etter planen vere ferdig i desember 2012.