Cxense Display

Tiltak mot depresjon og angst hos barn og unge

Dei siste ti åra er det utvikla og implementert

forskingsbaserte tiltak for barn og unge med åtferdsproblem. Samtidig slit

mange barn og unge med pyskiske helseproblem som angst og depresjon,særleg dei

som er utsette for ulike risikofaktorar.

Viktig å prioritere risikoutsette grupper

Barn og ungdom som er utsette for risikofaktorar, for

eksempel det å bu i eit nabolag med høg rate av kriminalitet, eller å ha

foreldre med psykiske lidingar er særleg sårbare for å utvikle ulike psykiske

vanskar som angst og depresjon.

– Psykiske lidingar kjem ofte til uttrykk i ung alder, derfor

er det viktig å sikre at dei som lever i

risikoutsette grupper eller viser teikn på psykiske problem, blir følgde opp på rett måte for å førebyggje angst og

depresjon, forklarar prosjektleiar Heather Menzies Munthe-Kaas.

Pyskososiale tiltak

Barne-, Ungdoms-, og Familiedirektoratet (Bufdir) meiner at

det er eit behov for å få ei grundig oversikt over det vitskaplege

kunnskapsgrunnlaget om kva som verkar best for å førebyggje og behandle dei som

lid av, eller lever i risikosona for å

utvikle angst og depresjon. Bufdir har bedd Kunnskapssenteret om å lage ei oversikt over forsking som oppsummerer

effekten av psykososiale tiltak, som samtaleterapi, familierådgjeving og

stressmeistringsstrategiar.

Prosjektet skal gjerast ferdig i løpet av hausten 2013.