Cxense Display

Undersøkte livmål og livsstil

Kartlegginga skal gi helsepersonell ein mulegheit til å gje enda betre behandling til pasientane medan dei er på sjukehuset.

Vi er ikkje ute etter å avsløre misbrukarane av alkohol ved gjennomføringa av denne undersøkinga. Vi ønskjer å avdekke livsstilsforhold kost, fysisk aktivitet, røyke- og alkoholvanar som kan ha noko å seie for behandlinga av pasienten, fortel overlege Svein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin.

Mål om 60 prosent

Kartlegginga gjaldt inneliggande og polikliniske pasientar i somatikken, rundt 2000 i talet. Undersøkinga er frivillig.

Målet er ei deltaking på minst 60 prosent, seier lege og stipendiat Kristian Oppedal ved Det Regionale kompetansesenteret for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR) og Rusmedisinsk team på Haukeland.

154 sjukepleiestudentar deltok i gjennomføringa, saman med Skjøtskift, Oppedal og åtte andre nøkkelpersonar frå Avdeling for rusmedisin og KORFOR. Kompetansesenteret koordinerer og finansierer prosjektet.

Auka risiko for komplikasjonar

Resultata frå Helsedøgnet vil vera klare i mai, og blir gjort tilgjengelig slik at dei ulike avdelingane og poliklinikkane på Haukeland kan sjå korleis deira pasientgruppe ligg i forhold til livsstil. Denne informasjonen kan ein dermed dra nytte av rimeleg raskt.

Når vi veit at komplikasjonar ved eit kirurgisk inngrep aukar dramatisk dersom pasienten drikk over ein viss mengde alkohol eller røyker dagleg før ein operasjon, meiner vi det er viktig at pasienten får denne informasjonen frå oss, seier fagutviklingssjukepleiar Jan Tore Daltveit ved Avdeling for rusmedisin.

På den måten kan han eller ho gjere eit val, og påverke utfallet av behandlinga på sjukehuset.

Viktige spørsmål

Dette blir understreka av Skjøtskift.

For at sjukehuset skal kunne gi optimal behandling, må vi vite mest muleg om pasientane. Det er derfor vi gjennomfører denne kartlegginga. Vi veit at spørsmål om livsstil kan vera vanskeleg å stille pasientane, men når helsetilstanden og livsstilen til pasientane er knytt til behandlinga ein får på sjukehuset, er det viktig at ein stiller desse spørsmåla. Då kan vi gi nøytral og sakleg informasjon om kva vi kan gjere og kva pasientane sjølve kan gjere for at behandlinga her skal bli så god som muleg, seier han.

Det er berre rett og rimeleg at pasientane får vite kva dei kan eller må endre på for at behandlinga dei får på sjukehuset skal bli best muleg.