Cxense Display

Usikkert om fysisk trening har effekt på aktivitet og deltaking hos barn og unge med nedsett funksjo

Åtte systematiske oversikter om kva for effektar fysisk trening har på aktivitet og deltaking hos barn og unge med habiliteringsbehov, er inkludert i rapporten. Medaktivitetforstår vi korleis barnet utfører oppgåver og handlingar mensdeltakinger kor engasjert barnet er i ulike livssituasjonar.

Ingen sikre svar

– Det er

usikkert om fysisk trening som kondisjonstrening og styrketrening kan

bidra til økt aktivitet hos barn og unge med habiliteringsbehov, det vil

seie om dei utfører oppgåver betre. Ingen av dei systematiske

oversiktene gir gode svar på om fysisk trening i form av leik og sosiale

aktivitetar som aktivitetar i vatn og terapiriding, bidrar til at denne

gruppa utfører oppgåver betre. Deltaking, og kva slags effektar fysisk

trening har på ho, er i liten grad dokumentert, seier Marita Sporstøl

Fønhus, forskar ved Kunnskapssenteret.

Lav kvalitet

Kvaliteten på den samla dokumentasjonen er vurdert som lav eller svært lav.

– Det

betyr ikkje at fysisk trening ikkje har effekt på aktivitet og deltaking

hos barn og unge med habiliteringsbehov, men at det er usikkert om

resultata er til å stole på, seier Fønhus.