Cxense Display

Utviklar Nasjonalt Helseatlas

PROSJEKTGRUPPA: Marte Bale (i midten) er leiar og kontaktperson for arbeidet. Frå venstre Emma Bjørnsen, Jofrid Aksnes Vårdal, Glenn Kjerland, Knut Ivar Osvoll og Fagdirektør Hans Johan Breidablik bidreg også i arbeidet. Foto: Helse Førde

PROSJEKTGRUPPA: Marte Bale (i midten) er leiar og kontaktperson for arbeidet. Frå venstre Emma Bjørnsen, Jofrid Aksnes Vårdal, Glenn Kjerland, Knut Ivar Osvoll og Fagdirektør Hans Johan Breidablik bidreg også i arbeidet. Foto: Helse Førde

Dei seinare åra har det vore vore stor merksemd knytt til over- og underbehandling, variasjonar i klinisk praksis, behov for god pasienttryggleik og rette prioriteringar i helsevesenet. Fleire land har publisert data knytt til variasjonar i forbruk av helsetenester.

På oppdrag frå departementet

I Noreg har Helse- og omsorgsdepartementet bede Helse Nord RHF og Helse Vest RHF om å samarbeide med Helsedirektoratet om å utvikle ei nasjonal atlasteneste for å analysere forbruket av helsetenester og finne variasjonar i Noreg. Helse Førde HF skal utføre oppgåva på vegne av Helse Vest, og Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) utfører oppgåva i Helse Nord.

Store datamengder

Arbeidet med helseatlastenesta i Helse Førde starta opp no i haust. Fram til sommaren 2016 er det organisert som eit prosjekt, og tida vert nytta til å gjere oss i stand til å gjennomføre mandatet. Det er fleire praktiske og formelle ting som må på plass for å kunne behandle så store datamengder som det her er snakk om.

SKDE har så langt utarbeidd helseatlas innan to område: dagkirurgi og barnehelse. Atlasa kan ein finne på www.helseatlas.no . Fleire indikatorar viser stor variasjon i forbruk av tenestene mellom dei ulike helseføretaksområda innan også desse fagområda, til dømes når det gjeld innleggingar i sjukehus ved medisinske tilstandar for barn.

Stor bruksverdi

Kunnskapen ein får ved å summere opp så store mengder tal, kan mellom anna nyttast som grunnlag for prioritering, planlegging og betring av kvalitet i helsetenestetilbodet. Både helsepersonell, pasient, pårørande, styresmakter og helseplanleggarar kan spørje seg om tenestetilbodet er likeverdig, tilgjengeleg og tilpassa pasientane sine behov.

Helseføretaka skal nytte kunnskap om variasjonar i forbruket av helsetenester i forbetringsarbeid. Ein ser føre seg at atlastenesta i Helse Førde, etter kvart som den kjem i full drift, vil vere ein bidragsytar med oppsummert talmateriale knytt til både forbetringsarbeidet og til andre emne/fagområde ein går inn i.