Cxense Display

Verdas viktigaste helseoppgåve

Nordtrønderen opna Helsekonferansen 2009 med å dra opp skissa av den mykje omtalte samhandlingsreforma som verkelig trengs for å demme opp for langt fleire eldre nordmenn og ikkje minst fleire livsstilsjukdommar i befolkninga.
Samstundes røpte han enkelte funn frå den nye, store helseundersøkinga i hans eige heimfylke.
Den viser dessverre at det kanskje står enda verre til enn vi hadde trudd. Noko av det eg likar aller minst er at 65 prosent av mannfolka i Nord-Trøndelag har eit overvektsproblem, med alle dei komplikasjonar ein slik tilstand fører med seg, sa Hanssen.
Tydeleg styrking
«Tid for samhandling» er namnet på årets nasjonale helsekonferanse. Desto lenger statsråden ha arbeidd med den store reforma i helsetenestene, jo tydelegare blir det at det handlar om å reformere primærhelsetilbodet i dei norske kommunane.
På sju år har statsbudsjettet til spesialisthelsetenesta blitt dobla til 103 milliardar kroner per i dag. Dersom Helse-Noreg skal stansa den voldsame kostnadsveksten og samstundes få betre helse for kvar krone er det førebygging som er stikkordet. Hanssen peikar på diagnosar og sjukdommar som diabetes, kols, kreft, overvekt, psykiske lidingar og rusproblem som dei verkelig store utfordringane.
Det er fint at ein bygger ut eit omfattande dialysetilbod til for eksempel diabetespasientar med nyresvikt nær heimane til desse i Nord-Trøndelag. Men det er eigentlig berre eit bilete på kor dårlige vi er. Vi må sjå på årsakene til sjukdommane, og bli flinke til å førebygge og behandle tidlig slik at folk kan leve best mulig med desse sjukdommane, understreka Hanssen.
Vil overføre til kommunane
Løysinga er å styrke primærhelsetenesta. Kommunane sin helseøkonomi skal styrkast, mellom anna ved å ta ein del av milliardane sjukehusa får i dag.
Sjukehusa peikar på at om nokre år vil kvar fjerde pasient være utskrivingsklar. Dei vil ligge i dei dyraste sengene i helsetenesta. Det er det inga meining i. Årsaka er at kommunane ikkje i dag har eit godt nok tilbod for å ta imot folk som treng rehabilitering, opptrening og hjelp til å gå vidare i liva sine, sa helse- og omsorgsministeren.
Vi veit kor mange pasientar frå sjukehusa det vil gjelde, og kan rekne oss fram til ein sum, konstaterte Hanssen og viste like etter til sjukehusfinansieringa. I dag får desse institusjonane 60 prosent av inntektene som rammetilskot, 40 prosent for kvar ferdigbehandla diagnose per pasient.
Vi vil ta halvparten av dei 40 prosentane og overføre til kommunane, slo statsråden fast men la til at helsebudsjetta og vil auke i åra som kjem, berre ikkje så mykje som i dag.
Langsiktig perspektiv
Bjarne Håkon Hanssen understreka overfor om lag tusen frammøte på Helsekonferansen at samhandlingsreforma er eit langsiktig arbeidd som kanskje første vert sett skikkelig ut i live i 2012. Men planane over kva slags deler av primærhelsetenesta som skal styrkast er langt på veg klar.
Eit tiltak han har sansen for er lokalmedisinske sentre, med bredt samansett kompetanse.
Vi skal ha fleire fastlegar, betre dei offentlege legetenestene ved å tilsette fleire helsesøstrer og styrke helsestasjonane og styrke legevaktene. Samstundes skal vi få inn fleire fagfolk med kunnskap og kompetanse i kommunane, deriblant sjukepleiarar og fysioterapeutar. Og vi skal bruke meir ressursar på forsking og rettleiing, var meldinga frå Bjarne Håkon Hanssen som lova å gjere det attraktivt å være lege i kommunane.
Men ei slik reform krev samarbeid over kommunegrensene ikkje minst mellom kommunar av mindre målestokk. Gevinsten vil komme heile samfunnet til gode, ifølgje statsråden som akkurat er tilbake frå statsbesøk i Kina. Der har styresmaktene også sett i gang eit massivt arbeid med å betre primærhelsetilbodet.
Det vakraste vi har her i Noreg er velferdssystemet. Det skaper tryggleik for alle. Med dei utfordringane vi står ovanfor med eldrebølgje og auka mengde livsstilsjukdommar står vi i fare for å øydelegge det vakraste vi har. Så ei viktigare oppgåve enn denne kan eg ikkje gje til dykk som arbeider i helsesektoren, avslutta Bjarne Håkon Hanssen med eit smil.