Cxense Display

Vil endre spesialiseringa av legar

​ I tillegg legg forslaget opp til eit meir strukturert

spesialiseringsløp og betre oppfølging av legane slik at dei får god rettleiing

og eit godt kvalitetssikra spesialiseringsopplegg.

Framtidas behov

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har

Helsedirektoratet sett på korleis ein kan sikre ei spesialistutdanning som

møter pasientane og framtidas behov, og korleis ein kan få ei tydeleg rolle- og

ansvarsdeling rundt spesialiseringa av legar.

Fagleg og teknologisk utvikling gir nye moglegheiter innan

diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar. Samtidig vil det bli

fleire eldre med kroniske og samansette sjukdommar. For å auke

pasienttryggleiken og sikre at vi på ein god og effektiv måte utdannar dei

spesialitetane vi treng i framtida, har vi sett på både spesialitetsstruktur og

?innhald, fortel Cecilie Daae, direktør for spesialisthelsedivisjonen i

Helsedirektoratet.

Føreslår tredelt spesialiststruktur

Ny spesialiststruktur skal vere ei nasjonal

spesialistutdanning og i tråd med strukturen i EU.

Vi føreslår å legge opp til ei tredelt

spesialistutdanning: Del 1 med ei felles kompetanseplattform, del 2 med felles

kompetanseplattform for grupper av fag og del 3 med spesialistutdanning som er

unik for den enkelte spesialitet. I tillegg ser vi for oss eit sett av

gjennomgåande obligatoriske kompetansemodular som er naudsynte for å utøve

legerolla på ein optimal måte. Desse kompetansemodulane skal integrerast i den

kliniske praksisen og ha direkte relevans til det arbeidet legen utfører,

forklarer divisjonsdirektøren.

Vil styrke mottakskompetansen

Nokre av endringsforslaga i strukturen går på å gjere om

greinspesialitetar til hovudspesialitetar, avvikle valfri sideutdanning og

kravet om gruppe 1-teneste. Det er læringsmåla som skal avgjere kvar ein må ha

teneste. I nokre tilfelle vil dette vere i gruppe 1-avdelingar, men dersom ein

kan tilby teneste som oppfyller læringsmåla i andre avdelingar, trengst ikkje

teneste ved gruppe 1-sjukehus. Eit anna viktig forslag er å ruste opp

spesialiteten generell indremedisin til ein eigen hovudspesialitet i mottaks-

og indremedisin.

På den måten kan ein sikre at akuttmottaka kan ha legar

med brei kompetanse, samtidig som legar med denne spesialiteten kan ta eit meir

heilskapleg ansvar for inneliggande pasientar med fleire kroniske diagnosar.

For pasientane vil det føre til færre feildiagnosar i mottak og riktig

behandling raskare på rett nivå, seier Daae.

Grep for betre struktur

For å få meir kvalitet enn kvantitet i spesialiseringa, vert

det lagt opp til å ha nasjonale og læringsmål

som reflekterer læringsutbytet: det vert sett fokus på kva kompetanse

har ein oppnådd gjennom spesialiseringa, i staden for talet timar ein har vore

i arbeid eller vore på kurs.

Vi føreslår kompetansetestar etter avslutta modular på

viktige område. Det er også ønskjeleg at det skal vere lett tilgjengelege

e-læringsprogram, og at det skal leggast større vekt på læring og læringsutbyte

for den enkelte. Vi ønskjer også at legar i spesialisering skal få ein

rettleiar som er utdanna til å rettleie og som har gjennomført obligatoriske

rettleiarkurs, fortel divisjonsdirektøren.

Kortar spesialistutdanninga med 1,5 år

Det er eit mål at eit meir standardisert og effektivt spesialiseringsløp

vil redusere spesialistutdanninga med 1,5 år.

Dette vil også vere positivt for helseføretaka fordi dei

no får ferdigutdanna spesialistar raskare, seier Daae.

Tydelegare rolle- og ansvarsfordeling.

Når det gjeld å skape ei tydeligare rolle- og

ansvarsfordeling, er det i forslaget lagt opp til at universiteta får nokre

fleire oppgåver. Desse er særlig knytte til rettleiarutdanning, pedagogiske

metodar og teoretiske kurs, samt til kompetansetesting. I tillegg er det

føreslått å stille krav til helseføretaka som utdanningsarena, ved å presisere

arbeidsgjevaransvaret for legar i spesialisering.

– Legeforeininga har gjort ein stor og viktig jobb med

spesialiseringsløp for legar, men no er tida inne for at styresmaktene,

arbeidsgivarar og universiteta tar eit større ansvar. I andre land som til

dømes Sverige og Danmark, er rolla til styresmaktene tydelegare, forklarar ho.

Divisjonsdirektøren legg til at fagmiljøa framleis skal ha

føringane når det gjeld fagutvikling og arbeid med spesialitetsstruktur og

?innhald.

– Eit forslag er difor å opprette eit råd for kvar

spesialitet. Dette vil bli sett saman av spesialistar som er føreslått av

arbeidsgivarane, universiteta og Legeforeininga. Råda skal organiserast direkte

under Helsedirektoratet for å sikre kort veg til vedtak, seier ho.

Innspel frå miljøa

For å kartlegge no-situasjonen, behova i framtida og få

innspel til løysingar, har det sidan i fjor sommar vore faste møte med ulike

representantar for fagmiljøa. Det har også vore fire samlingar med mellom 80 og

100 deltakarer frå helseføretaka, dei regionale helseføretaka, Legeforeininga,

universiteta, Spekter og KS, i tillegg til at det har vore sju arbeidsgrupper

med fagfolk frå både store og små sjukehus frå alle helseregionane.

Kommentarrunde

Forslaget frå Helsedirektoratet er ei skisse som teiknar eit

bilete av korleis framtidas spesialisthelseteneste kan tenkjast. Forslaget blir

no sendt på kommentarrunde før det skal leverast til Helse- og

omsorgsdepartementet 20. juni.

Dersom det blir vedteke at ei slik skisse skal leggjast til

grunn vil det stå att eit omfattande arbeid med å gi spesialitetane eit riktig

innhald, og planleggja korleis tenesta kan organiserast for å oppnå det best

moglege resultatet for pasientane.