Langtidseffektar etter fedmekirurgi

Overvekt og fedme har auka kraftig i løpet av dei siste 10

åra, og gir auka risiko for sjukdom og tidleg død. Dei grunnleggande

behandlingsformene er endring i kosthald, kosthaldsvanar og auka fysisk

aktivitet. I Noreg har fedmekirurgi vore eit tilbod sidan 2004 for personar med

alvorleg fedme og når anna behandling har vore utan effekt.

Langtidseffekt, etikk og helseøkonomi

Fedmekirurgi er ei etisk, medisinsk og helseøkonomisk

utfordring fordi overvekt og fedme er eit samansett og komplekst problem. På

oppdrag frå Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helse- og omsorgstjenesta

skal Kunnskapssenteret derfor utarbeide ei metodevurdering over

langtidseffektar etter fedmekirurgi.