Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling til Helse Stavanger

Etableringa av eit

regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling er eit ledd i å

styrkje spesialisthelsetenestene til eldre i regionen. Dette er eit fagområde

som treng ekstra merksemd, og det er derfor viktig å styrkje kompetansen i

regionen.

Det Regionale

kompetansesenteret for eldremedisin og samhandling i Helse Stavanger vil bli

etablert rundt det allereie etablerte lokale Senter for eldremedisin (LSE).

Senteret som i dag fungerer som samarbeidsorgan mellom Universitetet i

Stavanger, kommunehelsetenesta og sjukehuset. Helse Stavanger vil med

utgangspunkt i LSE og mandatet for det regionale kompetansesenteret, byggje opp

ein struktur og organisering som er reelt regionalt forankra.

Oppstart i 2011
Kompetansesenteret

skal i si forskingsstrategiske satsing samarbeide med Samarbeidsorganet mellom

Helse Vest RHF, dei lokale helseføretaka, universiteta i Bergen og Stavanger,

og Samarbeidsorganet mellom Helse Vest RHF og høgskolane i regionen.