Rekordmange doktorgradar ved Rikshospitalet

Frode Vartdal, divisjonsleiar ved Fakultetsdivisjon Rikshospitalet og leiar for Felles forskingsutval for Rikshospitalet HF og Universitetet i Oslo, trur at trenden vil halde seg i andre halvår. Då blir 2008 det beste året nokosinne med tanke på talet på avlagte doktorgradar ved sjukehuset.

I heile 2007 vart det avlagt 56 doktorgradar ved sjukehuset. Så langt i år er det avlagt 30 doktorgradar ved Fakultetsdivisjon Rikshospitalet og 10 doktorgradar ved Fakultetsdivisjon Det norske radiumhospital. I tillegg kjem doktorgradar som er avlagt ved andre fakultet enn Medisinsk fakultet.

Betre oppfølging av stipendiatane

– Det er ikkje uvanleg at talet på doktorgradar svingar frå halvår til halvår. 40 doktorgradar er likevel uvanleg bra på seks månader, seier Vartdal. Han trur det ligg fleire faktorar bak det gode halvårstalet.

– Vi har dei siste åra sett høgare fokus på gjennomføring av doktorgradsprogramma og prioritert tiltak for å gi doktorgradsstipendiatane ei betre og tettare oppfølging, fortel Vartdal. – Samstundes har sjukehusleiinga lagt større vekt på forsking i sjukehuset, og seier at det er viktig at klinikkane og avdelingane blir bedømte på forskingsaktivitet og -kvalitet og ikkje berre på aktiviteten innanfor pasientbehandling. Samarbeidsavtalen mellom Rikshospitalet HF og Universitetet i Oslo gjer også at institusjonane samarbeider betre og dreg lasset saman.

Sterke fagmiljø
– Ein annan viktig grunn er at det ved sjukehuset er bygd opp mange sterke forskargrupper som når godt opp i konkurransen om både forskarar og forskingsmidlar. I tillegg kan vi dei komande åra også vente ein effekt av at det er etablert tre Sentre for framifrå forsking (SFF) og eit Senter for forskingsdreven innovasjon (SFI) ved sjukehuset, avsluttar Vartdal.