Vaksne med psykiske lidingar får ikkje god nok behandling

 

Dokumentet Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem vart sendt over til Stortinget 25. november.
Undersøkinga viser at det er store skilnader mellom både regionar, helseføretak og institusjonar når det gjeld kapasitet til å behandle vaksne med psykiske lidingar. Dette gjeld alle delar av tilbodet: poliklinikk, dagavdeling og døgnavdeling. Det er også store variasjonar når det gjeld prosentdel spesialistar. I nokre område er både kapasiteten og prosentdelen spesialistar låg. Dette medfører lange ventetider. Både kapasitet, ventetid og kompetanse hjå spesialisthelsetenesta har innverknad på primærlegane sin praksis når det gjeld å tilvise pasientar.
Helseføretaka praktiserer prioriteringsforskrifta svært ulikt. Opplagte rettspasientar får avslag, medan pasientar som burde fått avslag, blir tatt inn. Det er ingen samanheng korkje mellom diagnose og prioritering av pasienten, eller mellom diagnose og frist for behandling.
Dette bryt klart med det som er intensjonen med forskrifta, nemleg å gi pasientane ein lik rett til helsehjelp, seier Kosmo.
Mange klinikkar gir for lite informasjon til både pasient og fastlege. Dette kan føre til at pasientane ikkje har føresetnad for å kunne hevde sine rettar, mellom anna når det gjeld høve til å klage. Denne praksisen er ikkje berre i strid med regelverket, men òg med målsetjinga om at brukarperspektivet skal leggjast til grunn for tenestetilbodet.
Viktige styringsdata manglar, og kvaliteten på dei data som ligg føre, er dårleg. Kvart år fastset Helse- og omsorgsdepartementet mange styringskrav og indikatorar som det i liten grad blir rapportert om, og som heller ikkje blir følgt opp. Korkje dei regionale helseføretaka eller departementet har difor god kontroll med området.
Helse- og omsorgsdepartementet er samd i at det framleis er store utfordringar knytt til kvaliteten på tilvisingar frå legane, praktisering av prioriteringsforskrifta og kompetanse og styring innan psykisk helsevern for vaksne.