Verknad og biverknad av hyperbar oksygenbehandling

Ved hyperbar oksygenbehandling (HBO) aukar ein

omgjevnadstrykket rundt heile kroppen samtidig som pasienten pustar inn reint

oksygen. Denne kombinasjonen, av høg konsentrasjon av oksygen og høgt

omgjevnadstrykk, gjer at store mengder oksygen blir teke opp i blodbanen og

transportert ut til heile kroppen.

Behandlinga stimulerer til nydanning av blodkar i oksygenfattig vev.

Den eine systematiske oversikta skal gje svar på kva for

biverknader som kan oppstå ved planlagt

hyperbar oksygenbehandling, for alle tilstander. I den andre skal vi vurdere

verknad av behandlinga for pasientar med seinskadar etter stråleterapi og

pasientar med diabetiske fotsår.

Oversiktene inngår i eit nordisk samarbeid om utveksling av

informasjon som er relevant for medisinsk metodevurdering. Bestillinga kjem frå

Haukeland sjukehus som har landsfunksjon i såkalla hyperbar medisin. Prosjektet

er berekna å være ferdigstilt i løpet av andre halvår 2013.